Det er ikkje lov å bite! Det kan jo dei fleste vere einige i, men visste du at dette er ei av lovene i Noregs landslov, som vart skriven for 750 år sidan?
«Er det lov?» er ei leiken og heilt nyskriven framsyning for småtrinna eller heile familien, der me utfordrar barnas sans for rettferd og dykkar ned i ei frisk og frodig middelalderverd.
Du møtar hemngjerrige kongar, mordariske forbrytarar, staute tingmenn, krigerske riddarar, tiggarmunkar, og han som prøvde å få litt meir orden på det heile: Magnus Lagabøte.
Gjer deg klar til å bli forundra, underhaldt, kanskje litt irritert, og i alle fall engasjert!
Denne morosame og litt rampete figur- og teaterframsyninga er skreven og regissert av Adele Lærum Duus i samarbeid med Litteraturbåten Epos, og har i haust turnert langs kysten på Vestlandet, med skodespelar Lina Taue Fjørtoft i alle rollene på scena.
Er det lov? hadde urpremiere hausten 2024.
I 2025 tilbys framsyninga også med Adele som skodespelar.
Skodespelar: Lina Taule Fjørtoft eller Adele Lærum Duus
Manus og regi: Adele Lærum Duus
Prosjektleiar: Litteraturbåten Epos v/dagleg leiar Maria Pile Svåsand
Illustrasjon: Signe Duus
Foto: Elise Duus
Målgruppe: 1. – 4. trinn og familie
Tid: 45 minutt
Scene: 4×4 m
Blending: Delvis
Opprigg: 60 minutt
Nedrigg: 45 minutt
Framsyninga er ein del av Vestland si feiring av landslovjubileet: Landslovjubileet – Vestland fylkeskommune
Landslovjubileet i Vestland er eit samarbeid mellom: Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Universitet i Bergen, Bymuseet, Statsforvaltaren i Vestland, Den norske kyrkja, Høgskolen på Vestlandet og 1000-årsjubiléet til Moster.